tirsdag 24. februar 2009

Tenåringsmor

Tenk i dag er det 13 år sidan eg vart mor. Følest merkelig at åra kan gå so fort. Lisje guten min har blitt stor..


På ein slik dag tenker ein over det som har vore til no i livet hans. Det har vore mange tunge stunder for han og ikkje alt er like enkelt når ein er anneleis. Men heldigvis for han so har han ein stor familie rundt seg som er glad i han og støttar han.
Håper at framtida til guten min fortsatt blir prega av kjærleik og omsorg frå omgjevnadane hans. For med støtte og gode ord kjem ein langt her i livet.

GRATULERER MED DAGEN KJÆRE GUTEN MIN!!

søndag 22. februar 2009

Februar og familiebursdag

Må vise fram kalendaren for februar før månaden er over. I følge kunstnaren er dette rein fantasi, men også ei ønske tenking:)

Det er han sjølv som står midt på borga, medan John står oppe til venstre. Hunden vår står foran. Kanskje det er han dei krigar mot? Forstår ikkje heilt kva den iglooen gjer der da... God fantasi har han iallefall:)

Her er kunstnaren min:)
Vi hadde familiebursdag for han i går i anledning dagen som er på tirsdag, og her har dei ein selskapsleik.



To gode stebrora som kosar seg i lag:) Latteren satt veldig laust..

fredag 20. februar 2009

Utfordring

Eg fekk ei utfordring av Trude i http://trudebjvi.blogspot.com/. Der skal eg fortelje om favorittane mine på kjøkkenet mitt:

Målebeger og løkkuttar frå Tupperware. Blir veldig mykje brukt i heimen. Å so synest eg det er slik ein fin blåfarge på desse.


På den eine sida av komfyren står desse tinga: Tidsur, salt og pepparkvern, oljeflaske og eit rivjern. Litt til pynt, men mest til nytte.


På den andre sida står denne krukka. Der oppi er det meste av redskap eg treng.




Denne bollen står til pynt opp på kjøkkenskapa.. Den er vel den finaste gjenstanden på kjøkkenet. Dette er arvegods frå mi kjære mormor..




Må berre vise denne kalendaren som heng på kjøleskapet våra. Det er ongane sin.Der har eg skreve opp ting som ongane treng å vite. Ved å bruke denne blir det lettare for dei å halde styr på kva tid dei skal vere hos oss og kva tid dei er hos den andre av foreldra. Skriv også opp kva vi skal ha til middag kvar dag på førehand. Minste mann har ansvar for å flytte "dagsmagneten" for kvar dag. Då har han nedtelling til kva tid han skal til mammaen sin:)

Sender utfordringa vidare til Bodil i http://egsetbrautaset.blogspot.com/ og Elisabeth i http://elisabethsinteriorverden.blogspot.com/


torsdag 12. februar 2009

Valentine's Day

Veit eg er litt på forskudd. Men veit at eg ikkje har tid til å lage noko innlegg før Valentine'S dagen er over. Å hadde so lyst å lage eit innlegg for å hedre kjærligheita mi til mannen min:)

Inn på bloggen til Trude http://trudebjvi.blogspot.com/ såg eg for ei stund sida at ho ha funne ei side http://www.picnik.com/app#/in/start der ein kan Scrappe og lage til collagar med bilda sine. Eg laga då denne (under) med tanke på Valentine's dagen.

Brudebildet mitt betyr so uendeleg mykje for meg. Vi gifta oss etter å ha vore saman i to år..
Vart veldig spesielt med kvar vår son som brudesven. Til sommaren er det FEM år sidan vi gifta oss. Tida flyg. Da skal vi feire kjærleiken vår igjen med å lage hagefest for kjente og kjære:)
Er so glad i mannen min og vil vise det til heile verda:)
I ein hard kvardag er han støtta mi som gir meg kraft til å klare dei tøffe taka.

GRATULERER MED VALENTINE'S DAGEN MANNEN MIN!!!!

Synst vi var kjempe fine eg:) Er litt eldre no. Men fortsatt forelska! HÆRLIG!!!


LOVE IS
Love is the greatest feeling,
Love is like a play,
Love is what i feel for you,
Each and ever day,
Love is like a smile,
Love is like a song,
Love is like a great emotion,
That keeps us going strong,
I love you with my heart,
My body an my soul,
I love the way I keep loving,
Like a love I can't control,
So remember when your eyes meet mine,
I love you with all my heart,
And I have poured my entire soul into you,
Right from the very star.
-Meghan-




onsdag 11. februar 2009

Sol og snø

Denne veka er eg i Bergen i lag med sonen min som er her på døveskule. Medan han er på skulen blir det litt lange dager for mammaen.. Det blir litt mykje stillesitting foran dataen. Blir til at det blir putta litt mykje usunt inn i munnen også.
Har derfor vore ute minst ein time kvar dag å gått tur... Her har vore eit nydelig vinterver, slik ein blir skikkelig glad for..
Gikk langs eit vatn utan mål eller meining sidan eg aldri har gått her før.. Det var kjempe fint.. Tok desse bilda på min veg:





Om veret held seg blir det ein tur i morgon også. På fredag er det shopping før vi sett oss på flyet heim att:)

tirsdag 10. februar 2009

Utfordring

For ei tid tilbake fekk eg mi første utfordring av CECILIE i Kvardagsliv der eg skulle vise det 6.bilde i den 6.mappa mi. Før eg i det heile tatt fekk tatt utfordringa fekk eg den også med ASTRID i Frå eit A4-liv... Takkar begge to for dette:)

Her er bildet mitt:) To søte små på ferie i Legoland!!


Dette må vere 3.5 år sidan vist eg ikkje tek mykje feil.. Hadde leigt sommarhus i Danmark i lag med eit vennepar.. Hadde ganske dårlig ver den sommaren kan eg minnast. Men kan og minnast at vi var både på tivoli i København, legoland og i løveparken:) Var da eldste mann og gubben sjølv kunn ville ta berg og dalbane.. Er heldigvis kvar si lyst..
Sommarferie er jo berre kjempe kjekt. Familietid nr en!!
Vi har vore på tur kvar einaste år vi har vore ein familie.. Lagar gode minne for barna som dei kan sjå tilbake på når dei blir eldre..
Vi var nåkre år veldig glad i det gode campinglivet.. Har prøvt både telt, combicamp og campingvogn.. Å eg har sagt at dette er livet for meg.. Men i fjor sommar skjedde det.. Vi reiste til SYDEN. Å det fristar igjen.. Var i Tyrkia i en veke.. Hoppa berre på ein tur.. Å det var berre heilt supert.. Både små og store kosa seg masse:)
Gler meg allerede til sommaren.. Ikkje bestemt enda kor ferien i år går. Men en ting er sikkert.. det blir iallefall ein tur vekk.. :)

mandag 9. februar 2009

Framover

I tunge stunder er det viktig å sjå framover.. Synst for tida at det er svært mykje som skjer i livet våra. Ting som eg helst ikkje vil bruke tid og energi på, men som like vel berre må gjennomførast. I slike stunder ser eg fram mot ting som skal skje i framtida.. Det treng ikkje å vere store ting, men noko som eg kan gle meg til. Akkurat no so gler eg meg veldig til påskeferien. Veit det er ei stund til, men eg veit også at tida flyg og snart er påska her..
Sidan vi har "mine og dine barn familie" så har vi barna enten første del av påska eller siste del.
I år har vi dei siste del av påska.. Det hadde vi for to år sidan også, og da reiste vi på hyttetur på Strynefjellet. Vi hadde det heilt topp. Var både fint og dårlig veir, men det gjorde ingenting.. Vi kosa oss inne eller kledde på oss godt med kle og var ute..


Så i år blir det igjen hyttetur til Strynefjellet:) Å eg ser framover å drøymer om skitur, kakao, grilling og ikkje minst det å gjere nåke i lag som familie.. Det nye i år er at vi har hund.. Blir spennande å sjå om han kan oppføre seg..Tvilar på at han er glad i ski, men har ein plan for han.. Akebrett!!!!!!!!!:)


GLER MEG:):):)

onsdag 4. februar 2009

Sjokolademuffins

Når vi var å handla i dag. Bestemte gutane at i dag skulle vi lage Muffins. Dei valgte sjølvsagt den dyraste.. Å dei sa at dei skulle klare å lage dei heeeeeeeilt aleine.
Etter middag og leksetid var gutane klar. No skulle det lagast Muffins.
Per Kristian las på pakken og intruerte John i kva han skulle gjere.. John vart røremester for det gadd ikkje Per Kristian.. John var kjempe flink å rørte å rørte til det vart ei kjempe fin røre.
Etter på va det å ha dei i former å ha dei i ovnen. John synst det var leeeeeenge å vente.. (10min). Når dei var ferdig laga dei glasur og hadde på små figurar som følgde med pakken.


Synst det vart dyre Muffins.... 50 kr for 10 stk....


Her er det ferdige resultatet. Vart vel søte synst ej... Ikkje heilt min smak.. Men gutane vart førnøgde, og det er jo det viktigaste



Her er dei under prosessen. Per Kristian overvåkar at John rører og ikkje berre smakar:)
Flinke gutar... Å det skal seiast; dei rydda opp også etter seg. Sjølv om det var å legge alt i oppvaskkummen slik at ej kunne vaske det opp:)
Ha en fin onsdagskveld!!

tirsdag 3. februar 2009

Skogstur

Sist veke skulle gutane på skogstur med skulen. Sidan eg var heime og veiret var veldig bra vart eg med dei. Var ikkje so langt vi skulle. Berre til opp i åsen ovanfor skulen. Vi hadde en flott dag med grilling av pølser, Marsmellows og kakao. Det var masse fin leik i skogen. Kjekt å få vere saman med gutane på noko slikt. Brødrene Knoll og Tott :)


Per Kristian klatrar...

Godguten min:) søtnos


Per Kristian i full fart



John på vei opp åsen... utsikt over bygda vår:)