tirsdag 27. januar 2009

Bjorli

I helga var vi på hyttetur på Bjorli i lag med eit vennepar og deira familie. Er so heldige å få låne ei hytte som ligg rett ved skibkken. Med hund og barn vart vi 10 stk. En god gjeng. Vi ankom fredag og pakka ut og laga Taco til kvelds. Etterkvart som det vart leggetid for søte små, fekk vi vaksne kvalitetstid med masse søtstoff:) Laurdag var det ski og uteliv..
Men deilig å vere inn i hytta om kvelden.. Laga gryterett og koste oss i lag..
Synst det vart ei hærlig helg med kjekke venna og flinke onga.. Smaka som snarlig gjentakelse:)

mandag 19. januar 2009

Tegnspråk

Her i huset brukar vi tegnspråk saman med dagleg tale. Per Kristian som no er snart 13 år, vart døv da han var 1 år og 10 mnd. Etter det måtte vi til å lære oss tegnspråk. No brukar vi det heile familien til ei kvar tid. Det var ikkje lett å lære seg tegnspråk. Vart totalt framandt for meg da eg starta. Måtte faktisk pugge mange av tegna for at dei skulle sitte. I dag har det vorte ein del av livet mitt. Treng av og til oppslagsverk å da brukar eg denne boka: "La hendene snakke"
To gangar i året reiser vi på vekesopphald i Trondheim for å lære oss meir og friske opp det vi kan fra før. Er kjekt å møte andre foreldre til døve barn. Dele erfaringar på godt og vondt.
Per Kristian bur då på internat i lag med dei andre døve barna. Da får han vere i eit tegnspråk miljø der alle forstår han. Ser at dette gjer han godt. Han er også i Trondheim aleine i perioder. Det synst eg som er mor er både flott og heilt forferdelig. Det er flott at han får vere i lag med andre døve, men det er heilt grusomt at lisje gollet mitt er der heilt aleine.

Dette er navne tegnet mitt. K for Kristin:)


søndag 18. januar 2009

Bad

Badet er det beste rommet i huset vårt. Kan kanskje ha noko med at det er det einaste som er heilt "nytt". Vi flytta inn i desember 2007. Sånn ca litt over eit år sidan. Det var eit "hattefok" siste vekene. Å vi kunne ikkje flytte inn utan at badet var ferdig. Det er mannen min som har bygt badet. Flinke karen min. Hadde hjelp av nåkre kjekke familemedlemmar inn i mellom da. Vi vart iallfall veldig fornøgde med badet. Valgte heilt kvite fliser på veggane og mørke på golvet. Ganske so tidlaust. Innredninga er brun. Har sikkert eit anna fargenavn men det veit eg ikkje. Badet vart ei dyr affære, men vi synest det er verdt det. Blandt anna gjekk det med nokre kroner da vi kjøpte denne hærligheita av en dusj. Det er bobble bad med plass til to. ( Å jada vi har prøvt) vanlig dusj, steamdusj og regndusj. Bobblebadet blir flittig brukt av gutane. Minste mann brukar gjerne svømmebriller å held på med litt dykking også:)
Mor sjøl likar gjerne å ligge der ein fredagskveld, med dempa belysning, stearinlys musikk og et glas baileys med isbita. Da finn eg godt roa... HÆRLIG
Det var ikkje vi sjølve som tegna badet. På Brødrene Dale er der ein slik kjekk kar som heiter Yngve som eg er so heldig å vere bekjent av. Han tegnar og ordnar for oss. God guten:) Han tegna da først bad utan vindu. Men det ville ikkje ho mor ha. Da tegna han inn dette vinduet med glasbyggar stein. Å det er vi strålandes fornøgde med.

Her er lysfatet mitt på badet. Synst det er so koselig... Brukar å tenne lysa ofte når eg er der om morgonen å steller meg. Dempar lyset i taket. Likar ikkje so sterkt lys når eg er trøtt... Men slik har vi det i heile huset om morgonen. Lav belysning. Å so har eg alltid stearinlys på bordet når gutane skal ete. Synst det er so kjekt at dei får rolege morgonar. Ein god start på dagen. Det treng dei flinke gutane mine



I skrivande stund er det fortsatt søndagskveld. Per Kristian har komt heim etter å vore hos pappaen nåkre dagar. Minste mann John kjem etter skulen i morgon. Det skal bli godt. Er alltid so tomt i huset når ikkje gutane er her. Blir godt i morgon.
Må vel snart hoppe til sengs. Travel dag i morgon. Skal sjå etter ei lita jente til ei venninde, samstundes som eg skal på to møter. Blir sikkert litt heftig, men allting går...
Gler meg allerede til helga for da skal vi til Bjorli på hyttetur heile gjengen, pluss at vi skal ha med oss eit vennepar med tre barn. Gå på ski og berre kose oss i lag.
Ha ei fin veke:)


mandag 12. januar 2009

Arvegods

Sidan det i min famile berre er eg som likar dei gode gamle tinga har det vorte mange fine arvestykker på meg. Dette bildet arva eg fra besteforeldre mine på morsida. Sidan eg var lita jente har eg alltid beundra dette bildet. Det er mitt "Mona Lisa" bilde. Det betyr mykje for meg. Trur kanskje mormor ha synst da va stas at eg har hengt det i stova mi. Dette er MIN stol. Mannen i huset kunne ikkje forstå at ej skulle ha i hus slikt rot. Men no er han enig i at det er nåke av det finaste møbelet vi har. Det var egentlig et par dette. Men den andre har blitt heilt ødelagt. Skal kanskje prøve å restaurere den.
No er eg på jakt etter ei pute som passar til å vere i stolen, samt ei lampe som passar. Ikkje enkelt å finne.
Det er her eg gjerne sitt når eg skal kose meg. Med stearinlys på bordet ved sidan av..mmm skikkelig god avslapping.


Sidan vi har ganske stort hus er det meininga at eg ein dag skal få mi eiga stove. Da snakkar vi om stove med berre gamle ting... Forbudt for barn. Så eg er heilt tida på jakt etter gamle ting som eg ein dag laaaaangt fram i tid kan ha i stova mi. Gler meg allerede:)

torsdag 8. januar 2009

Januar

Her er Julegava vi fikk med Per Kristian i år. Han har laga kalendar til oss:) Har tegna ei tegning for kvar månad. Dette i januar skal vist vere ein rakett oppskytingsbase.. Ikkje veit eg kor han har det fra men når ein studerer det ser ein tydeleg at han har fått med seg mange gode detaljar. Tegning er Per Kristian veldig flink i. Å han likar veldig godt å teikne. Det er ikkje få teikningar vi har her i heimen. I låpet av åra har det godt med mange teikneblokker:) Sidan Per Kristian er døv er han van med å bruke dei andre sansane sine meir. Sidan han har vore liten har han alltid fått med seg veldig mange detaljar. Desse kjem gjerne til uttrykk i teikningane has.

Huskar ein gang vi var på omvisning på ei ferge å han kom heim å sette seg å teikne ferga frå sida av og inn. Det var heilt utrulig kor han huska. Hadde til og med fått med på teikninga røra som går fra toaletta. For det må ein ha sa han, ellers blir et lukt:)

mandag 5. januar 2009

Jula ut

Må vise julekrybba mi før den blir pakka vekk. Er so glad i den. Synst den er so koseleg. Den gir god julestemning på kjøkkenbenken min.


Desse to glasa med pepparkaker i hadde gutane med seg heim fra juleverkstad på skulen. Dei har stått på benken i førjulstida og heile jula. Er so kjekt med heimelage ting. Flinke gutane mine. No skal glase bli nedpakka i kasser for so å bli tatt fram til neste jul.





søndag 4. januar 2009

Kos

Vi har kosa oss inne i dag også:) Laga en haug med kjøttkaker som vi skal fryse ned. Var deilig med nysteikte kjøttkaker med saus, mandelpoteter og surkål til.
Det vart ikkje dessert i dag, men småkaker. Trur gutane åt det meste som var på fatet.
Til kvelds bake eg brød slik at gutane skal ha til nista si på skulen i morgon. Slukhalsane åt omtrent et av dei til kvelsmaten:)




En hærlig dag

I dag har vi vore ute i det flotte veret som vi har hatt. Gutane har leika seg mange timar i snøen. Spot har også fore rundt som en vind. Hoppa og dansa rundt. Hatt krig med ei spade har han også:)








lørdag 3. januar 2009

2009



Vi gler oss...


Dette året skal vi gjer so mykje. Vi skal bygge ferdig nye rom til gutane. Pusse opp begge gangane. Få rydda hagen skikkelig. Få orden på kjellaren. Begynde på loftstua Å sikkert mange andre huslige små og store prosjekt... Ting som vil ta mykje tid og mykje pengar..

Derfor skal vi også gjer noko anna.. KOSE oss i heimen våra... Det kosta ingenting. Berre tid. Å i år har vi bestemt at vi har tid til det vi vil. Skal bli godt.

Sjølv om mannen i huset fortsatt må jobbe til alle døgnets timar, so skal vi kose oss når han er heime. Gutane i huset står anna kvar helg i fokus. Å det er ikkje det at vi treng å gjer so mykje som inneheld fart og spenning. Det å vere i heimen i lag med dei å kose oss skal vere prioritering nr EN ditte året.


Å vi gler oss.

Ny blogg


I over eit år har eg hatt ein blogg......, men utan noko innlegg..

Sidan eg brukar mykje tid på å lese andre sine bloggar, synest eg at eg må prøve igjen..
So derfor

Nytt år. Ny Blogg..