mandag 8. februar 2010

Se opp snør det??

Se opp snør det?
Ja, det gjør det,
tett i tett i tett.
Snø i munn og nese.
Snø i hele fjeset.
Se opp snør det?
Ja, det gjør det
tett i tett i tett.


(Ja, må nok ut å måke litt;)

torsdag 4. februar 2010

FANTASTISK!!

Ha egentlig ikkje tenkt å blogge noko meir.. MEN har so lyst å fortelle noko fantastisk:)
For ikkje lenge sidan flytta det inn ei prinsesse til oss:)
Vi vart fosterforeldre for første gang... å det er stor stas.... Alle vi fire i familien har vorte prega av det.... å tenk no er vi vorte en familie på FEM!!!

Gutane har fått eit nytt familiemedlem som dei kan leike og kose seg med... også Spot har vorte prega av det... på både godt og vondt.. hehe.



Fra å ha ein heim som var sterkt prega av at fleirtalet var hankjønn., har vi no fått ei innvadering av rosa ting. Mykje stæsj og dill og dall. For det er ei ekte prinsesse som har flytta inn:)



Mor sjølv er svært fornøgd med at ho får shoppe masse jenteting som eg aldri har fått kjøpt før..
Det er kjempe kjekt å spennande på en gang.. Å ikkje minst utrulig givande. Det er alt for få fosterheimar der ute til barn som treng ein trygg og omsorgfull heim.
BLI FOSTERFORELDRE!!! DET GJER EIN SKILNAD!!!
( å det er heilt FANTASTISK)