mandag 9. februar 2009

Framover

I tunge stunder er det viktig å sjå framover.. Synst for tida at det er svært mykje som skjer i livet våra. Ting som eg helst ikkje vil bruke tid og energi på, men som like vel berre må gjennomførast. I slike stunder ser eg fram mot ting som skal skje i framtida.. Det treng ikkje å vere store ting, men noko som eg kan gle meg til. Akkurat no so gler eg meg veldig til påskeferien. Veit det er ei stund til, men eg veit også at tida flyg og snart er påska her..
Sidan vi har "mine og dine barn familie" så har vi barna enten første del av påska eller siste del.
I år har vi dei siste del av påska.. Det hadde vi for to år sidan også, og da reiste vi på hyttetur på Strynefjellet. Vi hadde det heilt topp. Var både fint og dårlig veir, men det gjorde ingenting.. Vi kosa oss inne eller kledde på oss godt med kle og var ute..


Så i år blir det igjen hyttetur til Strynefjellet:) Å eg ser framover å drøymer om skitur, kakao, grilling og ikkje minst det å gjere nåke i lag som familie.. Det nye i år er at vi har hund.. Blir spennande å sjå om han kan oppføre seg..Tvilar på at han er glad i ski, men har ein plan for han.. Akebrett!!!!!!!!!:)


GLER MEG:):):)

2 kommentarer:

  1. Påska bruka eg også å glede meg til Lysare tider og forhåpentligvis masse sol.
    Forrige påska var eg sjuk, så eg håpa på finare i år. Likar påska betre enn jula, så det vert kjekt å få påske og vår.
    Nydelig bilde!
    Ha en fin kveld
    Klem

    SvarSlett
  2. Takk for helsing på bloggen Kristin. Eg og gler meg til påske. Berre kose mej sammen med familien min og nyte livet.Været e egentli ikkje så nøye med. Du må ha ei kjekk veke i Bergen. :))

    SvarSlett