fredag 20. februar 2009

Utfordring

Eg fekk ei utfordring av Trude i http://trudebjvi.blogspot.com/. Der skal eg fortelje om favorittane mine på kjøkkenet mitt:

Målebeger og løkkuttar frå Tupperware. Blir veldig mykje brukt i heimen. Å so synest eg det er slik ein fin blåfarge på desse.


På den eine sida av komfyren står desse tinga: Tidsur, salt og pepparkvern, oljeflaske og eit rivjern. Litt til pynt, men mest til nytte.


På den andre sida står denne krukka. Der oppi er det meste av redskap eg treng.




Denne bollen står til pynt opp på kjøkkenskapa.. Den er vel den finaste gjenstanden på kjøkkenet. Dette er arvegods frå mi kjære mormor..




Må berre vise denne kalendaren som heng på kjøleskapet våra. Det er ongane sin.Der har eg skreve opp ting som ongane treng å vite. Ved å bruke denne blir det lettare for dei å halde styr på kva tid dei skal vere hos oss og kva tid dei er hos den andre av foreldra. Skriv også opp kva vi skal ha til middag kvar dag på førehand. Minste mann har ansvar for å flytte "dagsmagneten" for kvar dag. Då har han nedtelling til kva tid han skal til mammaen sin:)

Sender utfordringa vidare til Bodil i http://egsetbrautaset.blogspot.com/ og Elisabeth i http://elisabethsinteriorverden.blogspot.com/


4 kommentarer:

  1. Ja du må kome å sjå kor det blir når det e ferdig. Vi får fyre opp i stampen en kveld. Audun skal feire 35 års dagen sin den 4 april, då e dokke invitert. Så det e berre å sette av datoen. Skal nok ta utfordringa i løpet av morgondagen. Snakkast:)

    SvarSlett
  2. Smart kalendar!! :-) Vi hadde noke liknande før i verda..
    Flotte gjenstander som pryda kjøkkenbenken din! MEn så har du det veldig fint også då!!! Bdet ditt er berre lekkert kan eg huske!

    Monica

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Heia,Kjempe fine den skåla du har arva fra mormora di. Kjekke kalender, den var smart altså. Ha ei kjekke helg og gi guten min en store klem fra mej

    SvarSlett