søndag 18. januar 2009

Bad

Badet er det beste rommet i huset vårt. Kan kanskje ha noko med at det er det einaste som er heilt "nytt". Vi flytta inn i desember 2007. Sånn ca litt over eit år sidan. Det var eit "hattefok" siste vekene. Å vi kunne ikkje flytte inn utan at badet var ferdig. Det er mannen min som har bygt badet. Flinke karen min. Hadde hjelp av nåkre kjekke familemedlemmar inn i mellom da. Vi vart iallfall veldig fornøgde med badet. Valgte heilt kvite fliser på veggane og mørke på golvet. Ganske so tidlaust. Innredninga er brun. Har sikkert eit anna fargenavn men det veit eg ikkje. Badet vart ei dyr affære, men vi synest det er verdt det. Blandt anna gjekk det med nokre kroner da vi kjøpte denne hærligheita av en dusj. Det er bobble bad med plass til to. ( Å jada vi har prøvt) vanlig dusj, steamdusj og regndusj. Bobblebadet blir flittig brukt av gutane. Minste mann brukar gjerne svømmebriller å held på med litt dykking også:)
Mor sjøl likar gjerne å ligge der ein fredagskveld, med dempa belysning, stearinlys musikk og et glas baileys med isbita. Da finn eg godt roa... HÆRLIG
Det var ikkje vi sjølve som tegna badet. På Brødrene Dale er der ein slik kjekk kar som heiter Yngve som eg er so heldig å vere bekjent av. Han tegnar og ordnar for oss. God guten:) Han tegna da først bad utan vindu. Men det ville ikkje ho mor ha. Da tegna han inn dette vinduet med glasbyggar stein. Å det er vi strålandes fornøgde med.

Her er lysfatet mitt på badet. Synst det er so koselig... Brukar å tenne lysa ofte når eg er der om morgonen å steller meg. Dempar lyset i taket. Likar ikkje so sterkt lys når eg er trøtt... Men slik har vi det i heile huset om morgonen. Lav belysning. Å so har eg alltid stearinlys på bordet når gutane skal ete. Synst det er so kjekt at dei får rolege morgonar. Ein god start på dagen. Det treng dei flinke gutane mine



I skrivande stund er det fortsatt søndagskveld. Per Kristian har komt heim etter å vore hos pappaen nåkre dagar. Minste mann John kjem etter skulen i morgon. Det skal bli godt. Er alltid so tomt i huset når ikkje gutane er her. Blir godt i morgon.
Må vel snart hoppe til sengs. Travel dag i morgon. Skal sjå etter ei lita jente til ei venninde, samstundes som eg skal på to møter. Blir sikkert litt heftig, men allting går...
Gler meg allerede til helga for da skal vi til Bjorli på hyttetur heile gjengen, pluss at vi skal ha med oss eit vennepar med tre barn. Gå på ski og berre kose oss i lag.
Ha ei fin veke:)


4 kommentarer:

  1. Åh, for eit herleg bad!!!
    Vindauget i glasbyggarstein var skikkeleg stilig. Og eg er så einig med deg når det gjeld levande lys -det gir ei heilt spesiell stemning!
    Den steamdusjen hadde eg ikkje takka nei til, sjølv om den er aldri så plasskrevande:)
    No drøymer eg meg vekk; til eit par år fram i tid, der pengane brått skal kome dalande frå himmelen, der kjellaren vår er utbygd med: nytt bad (då sjølvsagt med ein slik dusj du har), to soverom, kjellarstove og stor bod....
    Draumane kan ingen ta frå ein!:)
    Ynskjer deg og dine ei fin veke!

    SvarSlett
  2. Dette badet falt i smak ja. Må seie at dusjen frista noko enormt!!! Glasbyggarstein skal vi prøve oss på når badet på loftet ein gang blir ferdig. Eg legg deg til i blogglista mi. Håper det er greit. Kjekt å halde kontakt med lokale bloggarar:) Laila

    SvarSlett
  3. Heldig du er som har så deilig bad, med den flotte dusjen/badekaret (eller spaanlegget, som eg kallar det). Deilig med tid for seg sjølv på badet, men det er mange år sidan eg fekk ha det. No dusjar eg med Benedicte som tilskodar kvar dag... Gler meg til å få tilbake tida for meg sjølv på badet.

    SvarSlett
  4. Ojsann...dette innlegget gikk meg hus forbi... Merkelig.. Men måtte bare kommentere at badet var kjempe flott!!! Ser ut til at dokke kan ha masse kosestunder der. Høres deilig ut med avkobling og bayliesglas på ein fredagskveld. Heilt etter min smak ja.
    Kos deg!!
    Klem

    SvarSlett